Innhaldet i episoden

Stine og Maja vil gjerne lære meir om lesestrategiar, både kva det er, og kva nyare forsking seier om temaet. Dei to norskpratarane har derfor møtt Camilla Gudmundsdatter Magnusson, for ho kan gi svar! Camilla er stipendiat ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking på Universitetet i Oslo, og ho skriv på ei avhandling om lesestrategiar. Utgangspunktet for samtalen er ein artikkel Camilla har skrive saman med Marthe Blikstad-Balas og Astrid Roe.

Kva gjer dei gode norsklærarane når dei nyttar lesestrategiar i klasserommet? Er dekontekstualisert eller tekstnær strategiundervisning best? Og er det samanheng mellom lesestrategiundervisning og resultat på nasjonale leseprøver? Camilla svarar på dette og mykje anna som dei to norskpratarane lurar på. Camilla fortel dessutan litt om korleis forsking på lesestrategiar kan gå føre seg, og lyttaren får blant anna innsikt i PLATO, eit verktøy som gjer det mogleg å observere korleis og i kva grad lærarar nyttar lesestrategiar.

Bildet er tatt av Mary Clark fra Pixabay

Litteratur

Magnusson, Camilla G., Roe, Astrid & Blistad-Balas, Marthe. 2018. To what extent and how are reading comprehension strategies part of language arts instruction. A study of lower secondary classrooms. I: Reading Research Quarterly 54(2), s. 187-212.

Legg igjen en kommentar