Innhaldet i episoden
Stine og Maja prekær og påddkastær litt igjen, og denne veka har dei tatt turen til Fredrikstad for å møte mållagsleiar, norsklektor og østfolddialektentusiast Magne Aasbrenn. Magne fortel litt om arbeidet som mållagsleiar, og om kva han har planar om å gjere før han går av. Det er ikkje reint lite! Det blir sjølvsagt preking om rebellen Ivar Aasen, men det blir òg norskprat om framtida til nynorsken, språkleg gruppepress, klasserommet, østfoldmål, språkbruk i akademia og nynorsk på Snapchat. Magne fortel dessutan at han har høyrt episode 6 av Norskpraten, og han slår fast at Stine og Maja snakkar som to Frogner-fruer, og det er jo ikkje særleg positivt når ein kjem frå Østfold! Kanskje må dei to norskpratarane skjerpe seg litt i framtida og preke meir? Til slutt i episoden refererer Magne til Eli Anne Eiesland og debatten om manglande nynorskopplæring i lærarutdanninga. Kanskje er det fleire som må skjerpe seg?
